43 tilsyn i fjor

Statens jernbanetilsyn utførde sju fleire tilsyn med jarnbaneverksemder i 2015 enn året før.

Publisert: 16.03.2016   Endret: 15.10.2016

Statens jernbanetilsyn utførde sju fleire tilsyn med jarnbaneverksemder i 2015 enn året før.

Dei 43 tilsyna i 2015 bestod av 9 revisjonar, 17 tilsynsmøte (16 med Jernbaneverket), 10 operative kontrollar, 4 dokumenttilsyn og 3 umeldte inspeksjonar. Tilsynet sitt personell har i tillegg delteke som observatørar ved ei vernebuingsøving.

Selskap som ikkje har tilstrekkeleg sikkerheitsstyring har fått kalla tilbake sitt sikkerheitssertifikat.

I 2015 prioriterte Statens jarnbanetilsyn tilsyn på fire område i tillegg til ei særleg oppfølging av Jernbaneverket:

  • oppfylging av avvik
  • sikkerheit på operativt nivå
  • styring av leverandørar
  • oppfylging av føresetnader og vilkår som ligg i løyve.

Utfordringar i bransjen

Tilsynet ser blant anna desse utfordringane hos jarnbaneverksemdene:

  • identifisering av bakanforliggjande årsaker til avvik og til evaluering av effekt av gjennomførde tiltak
  • føraropplæring og underlag for opplæring
  • leverandørstyring
  • implementering av overvakingsforskrifta
  • implementering av forskrift om ein felles sikkerheitsmetode for risikoevaluering og -vurdering
  • enkelte svært alvorlige mangler knyttet til lasting, skifting, manglende etablering av sporsperrer og bruk av ikke godkjent kjøretøy.