God dokumentasjon lèt seg spore

Alle som har eller søkjer om driftsløyve må kunne dokumentere at dei fyller krava som regelverket stiller. Med gode rutinar for dokumentasjon kan du gjere dokumentasjonen sporbar. Det gjer det enklare for deg å vise oss at du oppfyller krava.

Regelverket skal gjere tryggleiken betre for brukarane og for dei som styrer ho. Omsynet til passasjerane skal stå sentralt for drifta di. Du må kunne dokumentere for oss kva greip du har gjort for at drifta skal vere trygg, både for passasjerane og dei tilsetje.

I dette arbeidet vil du ha stor fordel av å ha gode system og rutinar for korleis du dokumenterer drift og vedlikehald, der detaljane lèt seg spore. Slike system for dokumentasjon kan vise kven som har gjort kva og når.

Systematikken vil òg gjere det enklare å hugse kva du ha gjort tidlegare, og etter kvart føreseie eventuelle problem før dei skjer. Dersom vi kjem til deg på tilsyn, vil systemet gjere det lettare for deg å vise oss kva du har gjort for å sikre tryggleiken i samsvar med krava i regelverket.  

Skape kultur for betring

Med sporbar dokumentasjon har du detaljert oversikt over alle prosessar og tidlegare hendingar, og det vil  vere lettare for deg identifisere område for forbetring. I tilfelle der det oppstår usemje eller tvistar, kan dokument med sporbare detaljar vere bevis for kva som faktisk har skjedd. Dette kan fort vise seg å vere avgjerande for å gi eit klart bilete av hendinga, og kva som kan vere ei god løysing på ein situasjonen eller problemet.  

Dokumentasjon med sporing kan altså på fleire vis leggje grunnlag for ein kultur der verksemda heile tida jobbar for å bli betre. Det vil både passasjerane og dei tilsetje i verksemda kunne nyte godt av.