Lokførarar

Alle lokførarar må ha eit førarbevis. Jernbaneverksemdene må utferde sertifikat til førarane sine.

Alle lokomotivførarar i Noreg må ha eit førarbevis frå Statens jernbanetilsyn som bekreftar at dei har den nødvendige grunnkompetansen og oppfyller helsekrava. Førarbeviset er gyldig i heile EØS-området og må fornyast kvart tiande år.

Korleis søker eg om nytt eller fornya førarbevis?

Nytt førarbevis

Fyll ut søknadsskjema for førarbevis skjemasymbol

  • Logg inn ved å opprette eit brukarnamn (e-postadressa di) og eit passord.
    • Passfoto må lastast opp.

Fornya førarbevis

Hvordan fornya førarbeviset?

Du må sjølv søka om fornying av førarbeviset, og då må du lasta opp nytt passfoto. Bruk det same skjemaet som over. Du bør senda søknaden i god tid før førarbeviset ditt går ut, og helst tre veker før. Har du eit gyldig førarbevis når du søker om fornying, vil vi senda deg det nye førarbeviset i posten.

Kva skjer om du ikkje fornyar førarbeviset?

Førarbeviset blir ugyldig viss du ikkje fornyar det, og då kan du ikkje lenger bruka det.

Spørsmål?

Har du fleire spørsmål, kontakt oss gjerne på post@sjt.no

Sertifikat

I tillegg til førarbeviset må du ha eit sertifikat frå jernbaneverksemda du jobbar for. Sertifikatet bekreftar at du:

  • kjenner dei nødvendige delane av tryggingsstyringssystema for verksemda
  • er kompetent til å køyra dei enkelte strekningane
  • har riktig typekompetanse
  • eventuelt kjenner språkkrava som blir stilte

For meir informasjon om krava som blir stilte til deg som førar:

Rettleiing for lokførare 

Utdanning for lokførarar

Lokførarar i Noreg må gjennomføre utdanninga ved godkjent fagskole, for eksempel Norsk fagskole, for å få førarbevis.

For å få sertifikat kan du enten

  • utdanne deg på Norsk fagskole for lokomotivførarar
  • få opplæringa hos verksemda du er tilsett i
  • søke hos godkjente opplæringssenter

Utdanninga inneheld både teoretisk og praktisk opplæring, mellom anna med øvingskøyring i eit togselskap.

Kva må du som førar hugse på?

  • Ha alltid med førarbevis og sertifikat på jobb.
  • Du er sjølv ansvarleg for at det til kvar tid er gyldig. Gå til legen før godkjenningsperioden for helseattesten går ut.
  • Fram til fylte 55 år må du til periodisk helseundersøking kvart tredje år.
  • Frå fylte 55 år må du til periodisk helseundersøking kvart år.
  • Du er sjølv ansvarleg for å ha godkjent helseattest.
  • Informer arbeidsgivaren/verksemda som utferdar sertifikat om resultatet frå helseundersøkinga blei godkjent eller ikkje.
  • Informer tilsynet om kven du jobbar for, altså kva for verksemd som til kvar tid utferdar sertifikat til deg.

Helseattest og helseundersøking

Førarar er sjølve ansvarlege for at helsekrava er oppfylte. Det vil seie at du må sjølv sørge for at du til kvar tid har gyldig helseattest. For å få ein gyldig helseattest må du oppsøke ein lege som er godkjent av oss.

Oversikt over godkjende legar og psykologar lege-symbol

Fastlegar og spesialistar som ikkje står på lista, kan ikkje gjennomføre helseundersøkinga. Dei kan dermed ikkje sende inn helseattest til tilsynet.

Legen sender ein helseattest til tilsynet når helseundersøkinga er ferdig. Helseattesten informerer berre om føraren har fått godkjent helseundersøkinga eller ikkje. Tilsynet får ikkje vite noko om helsa til føraren, eller grunngivinga for kvifor føraren ikkje fekk godkjent helseattest.

Føraren må informere arbeidsgivar/verksemda som utferdar sertifikatet, om helsestatusen sin, altså om du er godkjent eller ikkje.

Tilbakekalling og ugyldiggjering av førarbevis

Eit førarbevis kan tilbakekallast, midlertidig eller permanent.

Tilbakekallinga skjer når vi får beskjed om at føraren ikkje oppfyller krava til helse eller kompetanse.

Permanent tilbakekalling skjer når føraren ikkje oppfyller dei absolutte krava til for eksempel helse. Dersom føraren ikkje består krava under periodisk kontroll, vil førarbeviset bli permanent tilbakekalla og må makulerast (klippast i to) og sendast til oss.

Ugyldiggjering eller midlertidig tilbakekalling skjer dersom føraren i ein periode ikkje oppfyller krava til for eksempel helse. Dersom føraren for ein periode ikkje oppfyller helsekrava, vil vi ugyldiggjere førarbeviset til det finst informasjon om at krava er oppfylte. Då er det ikkje nødvendig å makulere førarbeviset, men føraren kan ikkje jobbe som førar i perioden mens førarbeviset er ugyldig.

I begge tilfelle vil vi informere verksemda som har utferda sertifikat, om status for førarbeviset.

Kva gjer eg om eg mistar førarbeviset mitt?

Sjølv om du mistar/blir fråstole/får øydelagt førarbeviset ditt, så er det gyldig, men du må søke om eit duplikat. Dette skjer ved at du sender inn eit skjema til oss, slik at vi kan bestille eit nytt førarbevis til deg.

Søknad om duplikat av førarbevis  PDF-symbol

Kven gjeld krava i førarforskrifta for?

Førarforskrifta gjeld for alle førarar av trekkraftkøyretøy på det nasjonale jernbanenettet, det vil seie det nettet Bane NOR SF forvaltar.

Førarar av sporvogn, trikk, T-bane, bybane o.l. fell utanfor verkeområdet til førarforskrifta, men må rette seg etter andre reglar. Førarar av arbeidsmaskinar fell utanfor dersom dei berre arbeider inne på eit anleggsområde, eller det som heiter strekning disponert for arbeid.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemelding om innholdet på denne siden.
Det oppstod en feil under henting av captcha-bilde