To klatreparker melde

Å drive klatreparkar utan driftsløyve er forbode ved lov. Statens jernbanetilsyn har politimeldt Rappel og First Safety for å ta innretningar i bruk utan driftsløyve.

Publisert: 25.08.2017   Endret: 23.08.2017

Hånd med hanske i zipline.Illustrasjonsfoto.Rappel AS som har søkt om driftsløyve for Gjøvik Klatrepark, og First Safety har søkt om driftsløyve for høgdeparken Ville Verma, men løyve er ikkje gitte.

– Vi ser svært alvorleg på at to parkar har opna for publikum utan å ha driftsløyve. Utan driftsløyve veit vi ikkje om innretningane har eit akseptabelt tryggleiksnivå. Vi som tilsyn veit heller ikkje om verksemdene har nødvendige forsikringsordningar for gjestene sine, seier Bjørnar Monsø, avdelingsdirektør, Avdeling for taubaner og fornøyelsesinnretningar, Statens jernbanetilsyn.

Statens jernbanetilsyn melde dei to klatreparkane 18. august 2017. Rappel AS blei meldt for brot på tivolilova sitt krav om driftsløyve i samband med drift av Gjøvik Klatrepark. First Safety blei meldt for brot på tivolilova sitt krav om driftsløyve i samband med drift av høgdeparken Ville Verma. Begge verksemder har søkt Statens jernbanetilsyn om driftsløyve, men har førebels ikkje fått det.

Statens jernbanetilsyn fører tilsyn med cirka 300 verksemder som driv fornøyelsesinnretningar i Noreg.

Statens jernbanetilsyn:

  • fører tilsyn med at regelverket blir etterlevt
  • utviklar nasjonale reglar
  • informerer om krava i regelverket
  • overvakar og vurderer tilstanden
  • deler kunnskap med verksemder og samfunnet

Les meir om kva typar fornøyelsesinnretningar SJT fører tilsyn med.

Se tryggleiksrapporter om fornøyelsesinnretningar.