Meir rapportering av uønskte hendingar med fornøyelsesinnretningar

Totalt blei det innrapportert om 229 uønskte hendingar med fornøyelsesinnretningar i 2019. Av desse blei det registrert 94 personskadar.

Publisert: 03.07.2020   Endret: 03.07.2020

Statens jernbanetilsyn (SJT) har fokusert mykje på rapportering av uønskte hendingar frå verksemdene. Det har resultert i at fleire har forstått rapporteringskrava og rapportert i tråd med dei. Dette er hovudforklaringa på auken frå 2018 til 2019. Likevel har vi framleis grunn til å tru at mange verksemder ikkje har rapportert uønskte hendingar med mindre alvorleg personskade, tekniske uhell eller som kunne ha medført personskadar.

Sjå rapporten med oppsummering av bransjen med fornøyelsesinnretningar for 2019. PDF-ikon.