Krev gode rutsjerutinar

I vassklier er skarpe skøytar og kollisjonar dei største potensielle farane. På tilsyn er det nett desse områda som blir høgast prioriterte av Statens jernbanetilsyn (SJT).

Publisert: 30.08.2013   Endret: 17.11.2016

Senioringeniør Per Ole Bjørklund i Frognerbadet sammen med eigar Sid Iza Razavey. Foto: Erik Thallaug @SJT

SJT har ansvaret for tilsyn av park- og tivoliinnretningar i Noreg. Medrekna høyrer også tilsyn med vassklier. Vi blei med då senioringeniør Per Ole Bjørklund i SJT skulle føre tilsyn med vasskliene i Frognerbadet i Oslo.

– Her er det tre vassklier med felles startplattform og felles utløpsbasseng. Skliene har skrudde skøytar, og der kan det oppstå problem, for dersom kantane blir skarpe kan folk skrape seg opp dersom dei akar på ryggen, seier han.

Saman med eigar Sid Iza Razavey tek han turen opp og ned kvar enkelt vassklie og sjekkar at skøytane er slette og utan motkantar. Deretter undersøkjer han resten av anlegget.

Stadig fleire vassklier

– Det er det primære vi sjekkar, som at fundamenta er solide og ikkje har synlege defektar, sprekkar eller manglande skruar og så vidare. Mange av desse vasskliene har lyssignal som lyser raudt når ein skal vente og grønt når det er klart, men her har dei i staden bemanning på startplattforma. Eg sjekkar også at trappa er i orden, og ser om det er noko der ein kan snuble i, for eksempel, seier Bjørklund.

Tal på vassklier (utanfor fornøyelsesparkar) i Noreg har auka frå 83 i 2008 til 112 i 2012, så det blir stadig fleire slike tilbod rundt omkring i landet.

I 2012 blei det avdekt 112 avvik frå regelverkskrav med følgjande pålegg om utbetringar til vassklier.

– I løpet av eit tilsyn sjekkar vi også loggboka, forsikringsprovet til anlegget og den sikkerheitsmessige godkjenninga og at oblatskilt med årsoblat er til stades. Alle eigarar av vassklier må søkje om ei slik godkjenning kvart einaste år, seier Bjørklund.

Gjestene bør også sjekke

SJT oppmodar gjester om å sjekke at anlegget har gyldig årsoblat lett synleg, noko som betyr at sikkerheitsmessig godkjenning er på plass.

I 2012 blei det innrapportert totalt 64 skader i vassklieanlegg, ein auke frå 22 i 2008. Skadane er klassifiserte i medhald av internasjonale «Abbreviated Injury Scale» (AI) sin, rangert i tre kategoriar baserte på kor alvorlege skadane er.

I 2012 var 57 skadar klassifisert i AI sin 1, som omfattar skrubbsår, småsåre, hovudskadar med ørske og brot av finger, tå eller tann. Ingen av skadane i fjor blei klassifisert som AI sin 3, som er kategorien for dei mest alvorlege skadane.

Kollisjonar kan vere dramatiske

– Det er svært viktig at vassklieanlegga har gode rutinar og passar på at alle sklir anten sitjande eller liggjande på ryggen. Ein kan få god fart nedover slike vassklier; dess mindre vatn, dess meir fart. Dersom ein akkar med hovudet fyrst, eller på knea, kan det fort gå galt. Det er fyrst og fremst ved kollisjonar at ulukker kan skje, når ein blir påkøyrt bakfra av ein annan som held høgare fart, og då kan det fort bli dramatisk, seier Bjørklund.

Han er fornøgd med tilstanden på vasskliene i Frognerbadet, og glade barn kan igjen klatre opp trappa og frydefullt setje utfor.

– Her har dei svært gode rutinane. Dei går over alle skøytane kvar einaste dag, noko som er både nødvendig og veldig tillitvekkjande, seier Per Ole Bjørklund.