Hoppeslott skal ha vakt

Hoppeslott er laga for harmlaus leik, men dei kan føre til farlege situasjonar ved feil bruk. Statens jernbanetilsyn skal godkjenna at hoppeslott har naudsynt sikkerhet for å vere trygt å bruke.

Publisert: 11.06.2015   Endret: 15.10.2016

Hoppeslott. Foto: Eivor EriksenHoppeslott har skapt farlege situasjonar i Noreg: Sommeren 2013 blei ei dame fanga under eit gjerde som blei velta av eit hoppeslott på avvegar. Ei hoppepute teken av vinden førde til skade på fleire personar i 2011. Hoppeputa knekte også to trafikklys.

Fundamentering

– Hoppeslott må fundamenterast godt for at dei ikkje skal gå over ende eller blåse av stad. Er det barn inne i den oppblåsberre innretninga som rullar eller flyg av stad, vil foreldra springe til for å prøve å redde dei. Då kan enda fleire bli skadt. Fundamentering er forhold vi sjekkar ved inspeksjonar, seier tidlegare avdelingsdirektør Arnstein Skogset i avdeling Taubane, park og tivoli hos Statens jernbanetilsyn.

Hoppeslott med tak og vegger kan også utgjere ein risiko, fordi barna blir fanga inne i dei ved for eksempel straumbrot. Barn risikerer å falle stygt dersom dei blir fanga i toppen av ei høg sklie lufta går ut av. Slike sklier kan vere opptil 10 meter høge.

Same krav til privat bruk

Stadig fleire privatpersonar leiger hoppeslott til bruk i hagen heime ved bursdagsfeiringar. Ved slike arrangement må privatpersonar følgje same krav til tryggleik som tivoli og leikeland.

– Eigaren som leiger ut innretninga må gi grundig opplæring og tydelege instruksjonar både munnleg og skriftleg. Ein øyremerka vaksen må passe på heile tida, sjølv om hoppeslottet blir brukt privat, seier Arnstein Skogset.

Råd til foreldre:

  • Sjekk at årsoblat finst
  • Hoppeslott skal ha vakt. Sjekk at han eller ho er til stades
  • Vakta skal sørgje for at små og store barn ikkje hoppar samtidig
  • Området rundt sjølve hoppeslottet bør vere polstra for å unngå skadar om barna fell utanfor

Alle typar innretningar Statens jernbanetilsyn fører tilsyn og kontroll med.