SJT som arbeidsplass

Vi er eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og dedikerte medarbeidarar. 

Vi er om lag 70 tilsette til saman i Oslo og Trondheim.

Våre tilsette har ulik fagbakgrunn. Vi treng stadig til dømes teknisk, juridisk, administrativ eller samfunnsøkonomisk kompetanse, anten du kjem rett frå høgskule eller universitet eller har eit langt yrkesliv bak deg.

Gode for tilsette i SJT

Vi tilbyr:

  • eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse
  • arbeidsplass i moderne kontorlokale i Oslo sentrum eller Trondheim, avhengig av kva som passar deg
  • fleksitid, sommartid og moglegheit for heimekontor
  • gode velferdsordningar, inkludert støtte til kollektivtransport, breiband, trening og kantine, og dessutan tilgang til treningsrom
  • pensjonsordning i Statens pensjonskasse (frå lønna blir trekt 2 prosent lovfesta innskot til pensjonskassen)

Opplæring og utviklingsmogelegheiter i SJT

Ledige stillingar i SJT