Nauman Mohammad Aslam
Overingeniør i avdelinga for løyve
Utdanning: Ingeniør i energi og miljø i bygg
Nauman Mohammad Aslam.
SJT
Korleis ser kvardagen din ut?
Arbeidskvardagen min er spennande og variert, med ein stor innverknad på samfunnet. Den blir prega av føreseielegheit, fleksibilitet og ein open arbeidskultur. Eg er ein del av eit mangfaldig miljø, der eg lærer noko nytt kvar dag frå svært kompetente og erfarne kollegaer med ulik fagleg bakgrunn. Hos SJT får eg tryggleik og støtte til å jobbe med tverrfaglege oppgåver, noko både organisasjonen og kulturen legg til rette for.
Korleis får du brukt utdanninga?
Den breie og anvendelege utdanninga mi innan ingeniørfag, kombinert med arbeidserfaring frå Direktoratet for byggkvalitet, kjem godt med når eg skal løyse ulike tekniske og faglege oppgåver knytte til å gi løyve. Dette gjer at eg kan bruke kunnskapen min på ein variert og meiningsfull måte.
Kva er det beste med å jobbe i SJT?
Det beste med å jobbe i SJT er å kunne bidra til sikrare og tryggare jernbane, trikk, T-bane, taubanar og fornøyelseinnretningar i Noreg. Så er det kollegaene, den gode lunsjen, utfordringa i å ta ti etasjar med trapper, og det høge nivået på Premier League Fantasy og quiz-konkurransar!