Takk for alle bidrag til undersøkinga om korleis vi kommuniserer

Vi takkar alle som tok seg tid til å svare på undersøkinga om korleis vi kommuniserer på ei rekkje ulike flater.

Vi er glade for at resultata viser ein framgang sidan 2020. Dei som svarte har vist oss at det har hjelpt å gjere ein innsats for å skrive klarare. Men vi har framleis fleire område å jobbe med. Vi vil bruke resultata til å jobbe endå meir målretta med språket på nettsider, i vedtak og rettleiing. Tilbakemeldingane deira hjelper oss å bli betre, og det set vi pris på.

Ønskjer å kommunisere gjennom e-post, nyheitsbrev og nettsider

Hovuddelen av dykk som svarte sa at de ønskjer informasjon frå oss i SJT via e-post, nettsider og nyheitsbrev. Svært få ønskt å vere i kontakt med oss i sosiale medium. Også desse resultata bruker vi til å jobbe meir målretta. Derfor skal vi gjere ein ekstra innsats på nettsidene våre. Dette håpar vi at vil bidra til at det blir stadig lettare å forstå kva som krevst av dykk og å få med dykk nyheiter frå oss.

De kan alltid gi oss tilbakemelding om noko av innhaldet på nett er vanskeleg å forstå. Vi samlar alle tilbakemeldingar og bruker det i arbeidet med å bli betre.

Eg vil gi ein tilbakemelding om innhald på nett. E-postikon