Hugs å sjekke posten i Altinn!

Viss du ikkje får varsel eller brev frå SJT, bør du sjekke brukarrollene dine i Altinn. Det kan hende du ikkje har rett tilgang.

Verksemder må sjølv definere roller og tilgangar i Altinn. Dette kan ikkje påverkast av SJT.

Vanlegvis har dagleg leiar rolla «Post/Arkiv» i Altinn. Det er lurt at fleire i verksemda har denne rolla for å få varsel om brev frå SJT.

Gå inn på Altinn for å sjekke kva tenester du har tilgang til. Viss du ikkje ser «Post/Arkiv»-rolla, kan du ikkje sjå meldingar eller få varsel. Få rolla tildelt og legg til kontaktinformasjonen din.

For å gi andre i verksemda same rolle, må dagleg leiar først tildele seg sjølv rett rolle.

Sørg for å følgje opp meldingane du får via Altinn ved å etablere og halde ved like gode rutinar.